TyssoViaFerrata Trolltunga/Preikestolen


I 1904 var Odda nord Europas best besøkte turistmål. Turistane kom frå heile Europa for å oppleve dei imponerande naturattraksjonane i Odda. Fossane i Oddadalen, Folgefonna/Buarbreen. Og dei to unike fjellformasjonar innerst inne i Ringedalen, Trolltunga og Preikestolen.

OpplevOdda tek deg med på tur inn til Trollunga og Preikestolen. To av Noregs mest unike naturattraksjonar.

Turen startar i Skjeggedal, og fylgjer stien eller trallebanen opp til Topp. Frå Topp er det flott utsikt mot Folgefonna Nasjonalpark. Turen fortsetter i lett turterreng inn mot Tyssebotn. Der finn ein dei tørrlagde jettegrytene etter dei no tørrlagde Tyssestrengene. Før kraftutbygginga i Tyssedal, verdas 5 høgste foss.

Til turen endar ved Trolltunga og Preikestolen. To minnerike naturattraksjonar, med flott utsikt mot Ringedalsvatnet og Folgefonna. Og to gode bidragsytare til eit bra sug i magen.

Praktisk informasjon

Er du i normalt god form og over 15 år ynskjer OpplevOdda velkomen på tur.

Ta med vanleg turtøy og nistepakke.

Tid: 7-9 timar

Pris pr.pers kr 490,-

Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.

Kontakt oss for bestilling