TyssoViaFerrata - Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen


Opplev Odda inviterer til turar i den nye Via Ferrata løypa Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen. Dette er ei rute der attraksjonane ligg på rekke og rad.

Ringedalsdemningen, Ringedalsvatnet, Tyssebotn, Tyssestrengene, Himmelstigen, jettegrytene ved toppen av Tyssestrengene, Trolltunga og Preikestolen.

Og med Noregs historie i nær kvar ein knaus

Turen startar ved Ringedalsdemningen. Sykling innover Ringedalsvatnet til Tyssebotn. Frå Tyssebotn fylgjer ein det tørrlagde løpet etter elva Tysso, passere grotta etter Tyssestrengene.

Dei siste 200 m opp til fjellplatået er det etablert ei via ferrata løype, Himmelstigen. Turen endar ved Trolltunga og Preikestolen.

You tube film KO / Himmelstigen 

Praktisk informasjon

Er du i normalt god form, har klatreerfaring eller har gjennomført "-i rallarens fotspor", og er over 15 år ynskjer Opplev Odda velkomen på tur.

Ta med vanleg turtøy og nistepakke.

Tid: 8-10 timar

Pris pr.pers kr 950,-

Pris inkluderar naudsynt klatreutstyr og sykkel

Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.

Kontakt oss for bestilling