Tysso Via Ferrata - ei reise i historia
TyssoViaFerrata I rallarens fotspor
I 1906 starta bygginga av kraftanlegget Tysso1. Fjellvatn vart demde opp, fossar og vatn vart lagde i røyr. Og grunnlaget for kraftproduksjon og bygginga av industristaden Odda vart lagt.
Me inviterar til ei spektakulær oppleving i Tyssedalsfjella!
Ein får kjenne på kroppen den kvardagen som møtte rallarane som bygde ut vasskraftanlegga. Då dei sikra fjellkonstruksjonar, støypte betongfundament, handmeisla murstein, og etablerte røyrgata.
Ei innføring i norsk historie, innanfor ei fantastisk naturramme.
Turen startar ved NVIM og kraftstasjonen Tysso1. Frå vasskraftstasjonen fylgjer ein vedlikehaldsbanen opp fjellet langs røyrgata opp til voktarboligen på Lilletopp.
Ein smakebit;-) NRK Norge Rundt
Praktisk informasjon
Er du i normalt god form og over 15 år ynskjer OpplevOdda velkomen på tur.
Tid: 3-4 timar.
Pris pr. pers kr 650,- inkl. billett på NVIM.
Pris inkluderar naudsynt klatreutstyr
Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.
Tillegg for guida omvisning i museumsbygningane på Lilletopp 1500,- kr.
Nyhet 2010! TyssoViaFerrata - Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen
For 2010 sesongen inviterer Opplev Odda til turar i den nye Via Ferrata løypa Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen. Dette er ei rute der attraksjonane ligg på rekke og rad.
Ringedalsdemningen, Ringedalsvatnet, Tyssebotn, Tyssestrengene, Himmelstigen, jettegrytene ved toppen av Tyssestrengene, Trolltunga og Preikestolen.
Og med Noregs historie i nær kvar ein knausTuren startar ved Ringedalsdemningen. Sykling innover Ringedalsvatnet til Tyssebotn. Frå Tyssebotn fylgjer ein det tørrlagde løpet etter elva Tysso, passere grotta etter Tyssestrengene.
Dei siste 200 m opp til fjellplatået er det etablert ei via ferrata løype, Himmelstigen. Turen endar ved Trolltunga og Preikestolen.
Praktisk informasjon
Er du i normalt god form, har klatreerfaring eller har gjennomført "-i rallarens fotspor", og er over 15 år ynskjer Opplev Odda velkomen på tur.
Ta med vanleg turtøy og nistepakke.
Tid: 8-10 timar
Pris pr.pers kr 950,-
Pris inkluderar naudsynt klatreutstyr og sykkel
Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.
Kontakt oss for bestilling
TyssoViaFerrata - Mor Noreg
I Tyssebotn ligg det tørrlagde fossaløpet til Tyssestrengene. Før fossane vart regulert til straumproduksjon, var Tyssestrengene den 5 høgste fossen i verden. Og kring 1900 ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar.
Gjennom tusenvis av år har vatnet fossa nedover fjellsida i Tyssebotn, og vatnet har gravd fram grotta Mor Noreg.
300 m høg og ca 100 m djup, er Mor Noreg eit majestetisk naturskapt symbol på korleis vasskraft nasjonen Noreg tok kontroll over naturkreftene, brukte vatnet til å skape verdiar og bygde det moderne Noreg.
Praktisk informasjon
Er du i normalt god form, har klatreerfaring eller har gjennomført "-i rallarens fotspor", og er over 15 år ynskjer Opplev Odda velkomen på tur.
Ta med vanleg turtøy og nistepakke.
Tid: 4-6 timar
Pris pr.pers kr 465,-
Pris inkluderar sykkel
Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.
Kontakt oss for bestilling
TyssoViaFerrata Trolltunga/Preikestolen
I 1904 var Odda nord Europas best besøkte turistmål. Turistane kom frå heile Europa for å oppleve dei imponerande naturattraksjonane i Odda. Fossane i Oddadalen, Folgefonna/Buarbreen. Og dei to unike fjellformasjonar innerst inne i Ringedalen, Trolltunga og Preikestolen.
OpplevOdda tek deg med på tur inn til Trollunga og Preikestolen. To av Noregs mest unike naturattraksjonar.
Turen startar i Skjeggedal, og fylgjer stien eller trallebanen opp til Topp. Frå Topp er det flott utsikt mot Folgefonna Nasjonalpark. Turen fortsetter i lett turterreng inn mot Tyssebotn. Der finn ein dei tørrlagde jettegrytene etter dei no tørrlagde Tyssestrengene. Før kraftutbygginga i Tyssedal, verdas 5 høgste foss.
Til turen endar ved Trolltunga og Preikestolen. To minnerike naturattraksjonar, med flott utsikt mot Ringedalsvatnet og Folgefonna. Og to gode bidragsytare til eit bra sug i magen.
Praktisk informasjon
Er du i normalt god form og over 15 år ynskjer OpplevOdda velkomen på tur.
Ta med vanleg turtøy og nistepakke.
Tid: 7-9 timar
Pris pr.pers kr 490,-
Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.
TyssoViaFerrata Elvajuving
Besøk eit av dei mest bortgøymde stadane i norsk natur. Bli imponert over vasskrafta som gjennom tusenvis av år har grave fram eit majestetiske og spektakulært elvajuv.
Me fylgjer det tørrlagde juvet etter elva Tysso. Turen inkluderar rappelering i bekkeløp, symjing i kulpar, gode historier og flotte naturopplevingar.
Praktisk informasjon
Er du i normalt god form og over 15 år ynskjer OpplevOdda velkomen på tur.
Tid: 3-4 timar (1,5 km)
Pris: pr.pers kr 650,-
Pris inkluderer våtdrakt, symjevest, og naudsynt klatreutstyr.
Minimum 4 personar. Bestilling dagen før.
