Sykkelturar


Opplev Odda frå sykkelsetet. Odda byr på mange spennande turar frå sykkelsetet. Ta turen til Skjeggedal, opplev Ringedalen, og norsk vasskraft og industrihistorie. Følg Oddadalen og opplev fossenes dal. Eit fosselandskap, skapt av breen; eit "jutulhogg" mellom Hardangervidda og Folgefonna. OpplevOdda inviterer til fossasafari opp langs Oddadalen. På vegen passerer ein Strandsfoss, Tjødnadalsfossen, Vidfoss, Hildalsfossen, Espelandsfossen, og til slutt Låtefoss.

For dei sprekaste kan turen fortsette via gamlevegen over Røldalsfjellet og til Røldal. Ev. ein tur utover i Sørfjorden og opplev fruktbløminga.

Praktisk informasjon

Tid: 2-8 timar

Leige sykkel: kr 300,- / dag

Tillegg for guide: kr 300,- / time

Bestilling dagen før.

Kontakt oss for påmelding og meir info.