Påsketur 2010 program
Fristar det med kvite vidder så langt auga kan sjå? Vil du være med til uberørt natur, ingen løypemaskin som tråkker løype mellom hyttene, men der du går opp dine egne løyper. Bli ein del av heilskapen, naturen og stillheten. Snøen glitrar, sola skinner, ein kopp varm kakao og ein appelsinbåt, eller litt blåst og klisterføre.
Opplev Odda inviterer til påsketur på Hardanger Vidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå, og Noregs største nasjonalpark. Du får oppleve viddas stordom med bølgande vidder og bratte fjelltopper. Men og mykje og spennande vær.Det kanskje mest fasinerande med vidda er kor raskt det kan skifte. Ein morgon med gråver kan i løpet av minutt snu til strålande solskin.
Gje derfor ikkje slipp på fjellturen av frykt for dårlig vær. Da kan du gå glipp av noen av dine finaste fjellopplevingar. Men vær godt kledd, følg fjellvettreglene og ha med kart og kompass.
Dette er ein klassisk norsk påsketur som byr på stor variasjon i dagsetapper, hytter og terreng. Du bør ha litt erfaring frå tidlegare turar i høgfjellet før du legger ut på denne turen.
Dag 2: 29.03.09
Frukost på Vasstun, transport til Dyranut Fjellstove.
Første etappe går frå Dyranut Fjellstove til Sandhaug. Turen går i lett turterreng, og i dette praktfulle fjellområdet får ein vidt utsyn over høgfjellsvidda, med Hårteigen, den grå vegvisaren mot vest, Gaustatoppen mot søraust og Hardangerjøkulen mot nord.
Sandhaug er ei betjent hytte.
Lengde etappe 28 km.
Dag 3: 30.03.09
Frå Sandhaug går turen vestover til Hadlaskar. Hadlaskard ligger øverst i Veigdalen, på ein voll ved elven, saman med gamle stølar og stølstufter. Svært idyllisk i det frodige dalføre som strekker seg opp frå Eidfjord.
Hadlaskar er ei utbetent hytte. Og det blir eit enkelt opphald utan strøm og innlagt vann, ingen matservering, men gode muligheiter til å tilberede mat sjølv.
Lengde etappe 20 km.
Dag 4: 31.03.09
Ruta for dag 4 går til Litlos, via foten av Hårteigen, den grå vegvisaren.
Etter 24 km kan du endelig sette skiene i hytteveggen på Litlos og nyte ein betre middag saman med andre turvenner.
Dag 5: 01.04.09
Frå Litlos går turen til Tyssvassbu. Tyssevassbu reknast av mange som den finaste sjølvbetjeningshytta i Noreg, den har til og med innlagt strøm. Alikevel er det få som tar turen hit, vest på Hardangervidda.
De går i så fall glipp at et spennande og vilt landskap som aleine burde være verd turen. Heller er det ikkje å forakte å kunne trekke seg tilbake på ei av Noregs mest komfortable sjølvbetjeningshytter
Lengde etappe 24 km.
Dag 6: 02.04.09
Frå Tyssvassbu går turen tilbake til Odda, og Vasstun Gjestehus. På veg ned passerer ein den unike naturattraksjonen Trolltunga, og fylgjer Ringedalen ned mot Tyssedal.
Etter 6 dagar på ski, blir det godt med ein varm dusj, ein god middag, og ei god seng på Vasstun.
Lengde etappe 18 km.
Dag 7: 03.04.09
Omvisning i Odda. Dagen avsluttast med ein 3 rettars middag, og konsert "Den Store Påskefesten" i Odda.
Dag 8: 04.04.09
Avreise.
