Breføring mellom Fonnabu-Holmaskjer, Sundal - Odda


Ruta frå Mauranger til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800 talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen opp til brekanten og dregne på slede over breen. Dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida. Det er såleis ei glede for oss å føra tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller utan bre erfaring.

Turen frå Sunndal til Fonnabu går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka med vardar og raude T-ar. Frå Holmaskjer er den gamle fertslevegen ned til Tokheim rusta opp og godt merka. Såleis kan folk på eigenhand ta seg opp til brekanten og verta førte over breen av kyndige folk. Å kryssa Folgefonna krev gode orienterings kunnskapar samt breutstyr. For mange stoggar difor turen anten på Fonnabu eller Holmaskjer sommarsdagen. Etter at me starta føring her i 2001 har fleire kunna kryssa breen og oppleva kontrastane mellom sommar og vinter i dei varme liene på begge sider av breen.

Praktisk informasjon

Pris Kr 490,- pr.person

Kontakt oss for påmelding og meir info.