Blåistur på Buarbreen


Har du lyst å klatre i tårn av blå is, eller vandre i brefallet?
Buarbreen er unik! Det er her Folgefonna knekker over kanten og strekker seg ned dalen mot Buer at du kan få oppleve breen på sitt mektigaste med spektakulære labyrintar, spir og sprekker.

Du møter oss i morgonvinden frå breen. I forventninga om eit anna landskap vandrar du opp Buardalen, ein vakker, vill og frodig dal mellom stupbratte fjellsider. Fylgjer den blågrøne breelva, over blankskurde sva. Til ein står ved foten av ei vakker verd av blåfargar og majestetisk fjell i enden av den tronge Buardalen.

Brefallet byr på både enkel og meir krevjande blåis i flotte omgjevnader høgt over Sanvinsvatnet og med flott utsikt til fjella kringom. Turane tek frå 6-7 timar alt etter ver og føreforhold. Frå Buer Gard er det omlag 60 min gangtid før ein står ved brekanten og kan ta på breutstyret.

For alle tilreisande og lokale - her er ein sjanse til å oppleva Buarbreen med blåis og flott utsikt. Turen og brefallet gjer at det er råd å tilpassa turen til alle typar aktivitetar. Klatring er mogleg samstundes som dei flate partia innbyd til familie venlege turar.

Praktisk informasjon

Vi arrangerer dagsturar (7t) på bestilling.

Du må være over 12 år, ha fjellstøvler, vind og vasstett bekledning, hanskar, litt mat og drikke og dagstursekk. Me held selar, stegjern, økser og anna nødvendig utstyr.

Pris Kr 650,- pr. person

Ønskjer du ein lenger tur over breen og kanskje med overnatting er Buer et glimrande utgangspunkt. Vi planlegger rute og varigheit saman med deg. Pris etter avtale.

Kontakt oss for påmelding og meir info.