Aktivitetar / Prisar
Tysso Via Ferrata - ei reise i historia
TyssoViaFerrata I rallarens fotspor
I 1906 starta bygginga av kraftanlegget Tysso1. Fjellvatn vart demde opp, fossar og vatn vart lagde i røyr. Og grunnlaget for kraftproduksjon og bygginga av industristaden Odda vart lagt.
Nyhet 2010! TyssoViaFerrata - Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen
For 2010 sesongen inviterer Opplev Odda til turar i den nye Via Ferrata løypa Himmelstigen til Trolltunga/Preikestolen. Dette er ei rute der attraksjonane ligg på rekke og rad.
TyssoViaFerrata - Mor Noreg
I Tyssebotn ligg det tørrlagde fossaløpet til Tyssestrengene. Før fossane vart regulert til straumproduksjon, var Tyssestrengene den 5 høgste fossen i verden. Og kring 1900 ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar. Gjennom tusenvis av år har vatnet fossa nedover fjellsida i Tyssebotn, og vatnet har gravd fram grotta Mor Noreg. 300 m høg og ca 100 m djup, er Mor Noreg eit majestetisk naturskapt symbol på korleis vasskraft nasjonen Noreg tok kontroll over naturkreftene, brukte vatnet til å skape verdiar og bygde det moderne Noreg.
TyssoViaFerrata Trolltunga/Preikestolen
I 1904 var Odda nord Europas best besøkte turistmål. Turistane kom frå heile Europa for å oppleve dei imponerande naturattraksjonane i Odda. Fossane i Oddadalen, Folgefonna/Buarbreen. Og dei to unike fjellformasjonar innerst inne i Ringedalen, Trolltunga og Preikestolen.
TyssoViaFerrata Elvajuving
Besøk eit av dei mest bortgøymde stadane i norsk natur. Bli imponert over vasskrafta som gjennom tusenvis av år har grave fram eit majestetiske og spektakulært elvajuv.
Folgefonna Nasjonalpark / Buerbreen
Blåistur på Buarbreen
Har du lyst å klatre i tårn av blå is, eller vandre i brefallet? Buarbreen er unik! Det er her Folgefonna knekker over kanten og strekker seg ned dalen mot Buer at du kan få oppleve breen på sitt mektigaste med spektakulære labyrintar, spir og sprekker.
Breføring mellom Fonnabu-Holmaskjer, Sundal - Odda
Ruta frå Mauranger til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800 talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen opp til brekanten og dregne på slede over breen. Dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida. Det er såleis ei glede for oss å føra tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller utan bre erfaring.
Opplev Odda til fots, på sykkel eller med kano!
Odda byr på stille idyll og dramatiske naturopplevingar. Men er og eit vibrerande bysenter, med eit rikhaldig handel- og kulturtilbod. Kontrastane er store og spennande i Odda. Frå vintereldoradoet Røldal, viddelandskap med stupbratte fjellsider, drønnande fossefall, grøne lier, blømande frukthagar blikkstille fjordarmar med isbreen Folgefonna tronande i bakgrunnen, til industrimonumenta som ruvar i sentrum av Odda. Dei fortel historia om Odda, og korleis menneska i Odda har temt og utnytta naturresursane.
Dei fleste av desse attraksjonane er tilgjengelige til fots, med sykkel eller med kano. Ta kontakt for turtips.
Fotturar
Odda er eit eldorado for fotturistar. Omkransa av Hardangervidda nasjonalpark mot aust, Folgefonna nasjonalpark mot vest, Ullensvang og Hardanger mot nord, og Oddadalen/Fossenes dal mot sør, vil nok dei fleste finne ei tur som passar. Ein roleg tur langs Sandvinsvatnet, ein topptur til eit av dei mange utsiktspunkta som omgir Oddadalen, eller ei historisk vandring opp Skjeggedalen i Tyssedal. Her er det nok å velje mellom!
Sykkelturar
Opplev Odda frå sykkelsetet. Odda byr på mange spennande turar frå sykkelsetet. Ta turen til Skjeggedal, opplev Ringedalen, og norsk vasskraft og industrihistorie. Følg Oddadalen og opplev fossenes dal. Eit fosselandskap, skapt av breen; eit "jutulhogg" mellom Hardangervidda og Folgefonna. OpplevOdda inviterer til fossasafari opp langs Oddadalen. På vegen passerer ein Strandsfoss, Tjødnadalsfossen, Vidfoss, Hildalsfossen, Espelandsfossen, og til slutt Låtefoss.
Kanoturar
Kanopadling på det idyliske Sandvinsvatnet. Her er mange fine viker å padle innom og ein har panoramautsikt til Buerbreen i vest og fossenes dal, Oddadalen som bukter seg sørover mot Seljestadfjellet.
Familieparken Hardangertun Kinsarvik
Revehiet, Jungelløype, Piratgolf, Vannsklie, Badebasseng, Hoppetelt, Bilbane, Bondegard, Trampolinar, Mikkels leikebutikk, Kræsjbåtar, Bumpebåtar. Dette er litt av tilbodet i Familieparken Hardangertun. Kinsarvik har blitt oppdaga på ny av barnefamiliar. Parken er for dei minste medan dei litt større kan kosa seg med Gokartbane og strandvolleyball.
Priser 2009:
Pris 2009 | Dagskort | Mikkelkort |
Barn under 3 år: | gratis | gratis |
Barn / Voksne | kr 150,- | kr 275,- |
